1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Formannskapet som partsamansett utval behandla i dag sak om Omstillingsprosjektet; inkludert skulestruktur.

Når det gjeld skulestruktur, så gjekk fleirtalet inn for at kun Jøsneset skule skal leggjast ned, ingen andre endringar i skulestruktur. Dette forslaget fekk 6 røyster: Bjørn Laugaland og Per Inge Egeland i SP, Lin Veronika Jacobsen i AP og Håkon Helgøy i KrF,  samt to tillitsvalde (men dei får ikkje stemme vidare i kommunestyret).

Deretter var det to røyster for å leggje ned både Fister og Jøsneset: Anne Berit Rinde i KrF og Ola Ingvaldstad i FrP.

Ordførar Trine Danielsen H fremja forslag om å behalde Jøsneset, men dele frå 5-7 trinnet frå Fister skule. Ho fekk kun si eiga stemme.

Altså: Fleirtalet i Formannskapet er for nedlegging av Jøsneset skule.  Dei vedtok òg at før saka kjem til Kommunestyret den 19.juni vil de ha utgreidd konsekvensen av å kjøpe elevplassar for Jøsenfjordelevane på Erfjord skule.

På Folkemøtet som var på Samfunnshuset seinare i kveld kunne SV sin representant Eva Kristin Aune fortelje at ho vil stemme for nedlegging av Jøsneset, medan Johan Mjølhus i Venstre går inn for ingen strukturendring i skule.

Det er framleis nokon av politikarane som ytra at dei er i tvil, og at dei tykkjer det vanskeleg, og ein del av dei som sit i kommunestyret har enda ikkje ytra kva dei meiner.  Så det er framleis uavklart fram til kommunstyretmøtet 19.juni. ...sjølv om det var svært så klart i Formannskapet. 


( NB: her er det kun forholdet til skule-struktur som er kommentert; ikkje dei andre einingane).

Foreldregruppa på Jøsneset samt Jøsneset Bygdaråd hadde sendt inn skriv til kommunen i forkant av Formannskapsmøtet. Frå Jøsenfjorden er det òg sendt inn skriv.

FaceBook
Facebook