1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower


Ja, for det heile starta med relativt feiande vind; og flagget fremst i toget vaia godt og flosshattane heldt på å fyke av. Her ledar komiteen an i årets 17.mai tog, tett fulgt av skulen, barnehagen, bygdefolket og tilreisande gjester.

 

Medan kommunepolitakarane diskuterar nedlegging av Jøsneset skule, så kan framleis glade skulebarn stolt bære skulefana til Jøsneset skule i 17.mai-togetSmile  ....korleis akkurat det blir neste år, er faktisk svært uvisst. Om få veker blir framtida til Jøsneset skule avgjort. Så følg med folkens.



Ein annan stolt kar; er det den nye brann-mannen mon ?? Brannbilen kjørte aller først i toget, og i år måtte brannsjefen visstnok ha med ein brannkonstabel-assistent.Wink




Elise og Kristiane spelar fiolin i Kulturskulen, og i dag fekk dei opptre for ca 115 publikummar frå scenen i gymsalen. Dei spelte 3 nasjonalsongar. Salen var fullsett, og det måtte bærast inn ekstra stolar rundt borda.

 

 

Dagens talar Christian Fredrik Wyller; frå Stavanger, men nå busett på Jøsneset saman med kona Marit. Wyller hedt ein tankevekkande og flott tale; og fokuserte på våre grunnleggande menneskerettar, vårt demokrati og fridommen vår. Han fletta òg inn sin eigen familie dramatiske historie frå krigens dagar, som har band til krigshistoria for Jøsneset.

Talen blei etterfulgt av ein allsang: Vårsøg: ein tekst som blei skriven fredsvåren 1945. Diktet handlar om våren; men "våren" i teksten er eigentleg eit bilde og ein hyllest til freden. Songen passa godt etter Wyllers ord om dei overlevande frå  konsentrasjonsleirane; som ein hyllest til nettopp deira fridom! 




Etter matøkta var det tid for aktivitetar og konkurransar. Her er det klossebygging på gang. Det skulle faktisk kårast ein "klossmajor" i løpet av dagen. Desse små har god dreis på klossar, sjølv om de ikkje klarte å bygga det aller høgaste tårnet.



Basketballkonkurransen trakk òg mange interesserte: her er det vinnaren i kvinneklassen som legg inn vinnarkastet.



Aktivitetene ute blei avslutta av ein feiande fresk fotballkamp; der "Lårhals-damene" var motstandar mot Storskulegjengen. Me hadde nok ranka Storskulen som favorittar; men jaggu ta!!!! Damene heiv håndtaskene til sides, og jammen drog de seieren i land med 2 mål mot 1.

Me lar Damene stå som våre flotte representantar for den lokale Nasjonaldagsfeiring:
Heia BygdeNorge !! Her er det LIV !!!

FaceBook
Facebook