1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Elevane i storskulen på Jøsneset skule inviterte til open kunstutstilling 8.mai, og her var det jammen stor variasjon i stilartar og mykje flott kunst å sjå.

Elevane i storskulen har brukt mange av kunst-og handverkstimane dette året med tanke på at det skulle bli ei kunstutstilling til våren. Og jammen var produksjonen stor, for heile gymsalen var full av kunstverk i ulike sjangrar. Ein del av verka tok seg best ut i mørket; for det var knytt lysbruk til. Så omvisninga i salen (av to kyndige "kunstguidar" frå storskulen) starta i mørket, og gruppevis blei me leia gjennom utstillinga frå verk til verk.

Det var tydeleg at kunstnarane har henta inspirajon frå ulike hald:  frå naturen, musikkgrupper, kjeledyr, traktorar, dataspel, barneTV, eventyr, sport,draumar....osv.  Når dette då var nedfelt i så mange ulike teknikkar og sjangrar, så blei utstillinga veldig innhaldsrik og spennande.

Her nedanfor er kun eit ørlige utval av alt det artige, rare, stilige og flotte som var å sjå:

 



Definitivt naturen som er inspirasjonskjelde her. Herlig !! Kanskje me har ein liten "eventyrskog-kunstnar" her òg?


 Eit fritt prosjekt der elevane fekk bruke fri fantasi og lage eitt kunstverk i ein av dei sju regnbogefargane.



Først blei teikninga laga av gråblyant. Deretter blei strekane tusja med svart tusj, og så mala ein inni med vannfarge. Flott effekt!! Her var det mange ulike inspirasjonskjelder stort sett frå det utanomjordiske . Same teknikk som bildet heilt øverst.


Oiii!! Tenk å få vere fugl i eit så flott fuglehus...Slike var det mange av, så spurveflokkane hadde nok lika seg inne desse. ..Men dei er berre til "pynt" for dei er laga av papp og stoff. Men veldig flotte ! "Draumefuglehus" var tittelen på desse verka.


Skyggebildet inspirert av eventyret om Bukkene Bruse. Dette hang på eit stort stoffstykke over scenen, og var lyssatt for å gje skygge-effekten.

Kikkeskap; her var det laga små "scenar" frå ulike eventyr; inne i ei pappeske som var lyssett. Kan du gjette kva eventyr denne scenen er frå ??

Les meir om førebuingane til utstillinga på Jøsneset Skule

 

FaceBook
Facebook