1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower



Den såkalla "Knudastien" mellom Tonå og Håvehammar er nyleg blitt rydda kjempeflott!  Tidlegare var her masse høg lyng som vaks inn i stien, og det var basete og uoversiktleg å gå der. Det er grunneigar Elisabet Førre som har rydda så fint: kutta vekk masse lyng og einer på begge sider av stien; og nå er det som romslig og fint at det er ein fryd å gå her. Takk til Elisabet for alle ryddeøktene - veldig positivt !



God plass til både Unni og hunden, og fleire til om så varWink Veldig fint å gå her nå ! Nå er det slik at det er mange vegar som fører til og frå Håvehammar; men denne ruta her er utruleg fin å gå spesielt ned frå Håvehammar; då går ein rett mot sør med utsikt mot fjorden heile vegen. Oppmodinga er: ta turen hit ofte,  så kan me halde stien open og fin kun med tråkk.

 

Uuuppss...Her er ein liten død tass som Unni og skribenten/fotografen fant på "Knudastien" . Den låg på ryggen som om den sola seg (solbrent på magen)

Skribenten meinte det måtte vere ein knøtt-miniliten krokodillebaby med fin oransje skjellete mageWink men Unni meinte det var ei firfisle : og det var det jo sjølvsagt !!  Den var død, men heilt intakt, med unntak av halen. Det kan tyde på at den er blitt forsøkt angrepen av eit rovdyr/rovfugl. For når firfislene blir angrepne "kastar" de halen som forsvarsmekanisme; så ligg halen og sprellar ein plass medan firfisla spring vekk - og slik forvirrar den rovdyret. Smart ikkje sant? Halen veks ut att.

Men denne vesle krabaten har nok fått det tøft i kulda etterpå. Den har nok kome litt for tidleg ut av dvalen sin i år. De likar nok ikkje så kalde temperaturar som me har hatt nå, og når levebrødet er hovudsakleg insekter og mark/sneglar, så har den hatt lite å leve av, stakkars.  Men ein fin liten krabat, ikkje sant !!


Litt lengre nede på stien fant me et knøtt lite dødt vesen til : skribenten meinte at det då vel var ein liten elefant-baby, men Unni meinte det var ei død mus......og det var det jo sjølvsagt Tongue Out ! Tøft for muser òg i vårkulda !!

FaceBook
Facebook