1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower


Då det franske TV-teamet M6 og det populære franske kokkeprogrammet TOP CHEF med 4 mill sjåarar for første gong i historia bevega seg ut av fransk jord, var det SKIFTUN KAI valget falt på !!! Her blei episode nr 9 i denne gigantiske kokkekampen filma torsdag 8 november 2012, og det 3 timar lange programmet blir sendt på fransk TV M6 2.påskedag kl 20.50. Norsk TV2 var òg til stades for å lage program om kokkekampen; det er eit mindre innslag som sannynlegvis blir sendt på TV2 Lørdagsmagasinet 6.april kl 18.50,  Sjå fransk reklame for kokkeprogrammet, med innslag frå Skiftun heilt på slutten HER .

Å lage TV er ikkje småtterier: eit team på ca 70 personar, mange lastebilar og varebilar, tungt filmutstyr, helikopter i lufta og ekstrabåt på sjøen, 6 kjendiskokkar, 2-3 "over"-kokkar,  og programledarar...og norsk TV2....alle desse forvandla Skiftun kai til ein TV-studio av høg klasse ! Tung fransk parfyme hang over kaien denne dagen, medan travlne fotografar, sminkørar, regissørar, lydfolk farta att og fram medan skyene og lyset over Ombfjorden skapte magiske øyeblikk.  Og det heile i aller største hemmelegheit (ingen skulle røpe for det franske publikum kva her fann stad), difor var dette "dagen då ingenting skjedde på Jøsneset"....eller...var det kanskje det likevel ?? Sjå bilda her: alle foto Svanhild Hjorteland Gbada:


Sjeldan har purreløk og fiskehalar blitt via meir merkemd på Skiftukaien :-)


Du trudde kanskje dette var dei franske TV-kjendisaneWink...neida, dette er dei lokale heltane som gjorde det heile mogleg her på Skiftun Fiskemottak.  Jostein og Kåre rydda og rigga og sopa og spylte, dei ordna og henta rekvisita, og leigde ut lokaler for heile dette store teamet som kom.... og fiskaren Jan Espeland til høgre stilde med sjarken til kais.


Fransk TopChef på Skiftun Fiskemottak er eit faktum.....all rekvisita er lokalt


Norsk sjømat står på menyen i episode nr 9 av Top Chef France.



Her er dei to karane frå TV2, som laga reportasje om kokkeprogrammet. Deira innslag blir sannsynlegvis sendt 6.april




Eplesaft-rommet til Jostein på kaihuset blei gjort om til "kommandosentral" - her blei alt kommunikasjon-og redigeringsutstyret rigga opp, med skjermar og leidningar over alt; og til tider var her 10-15 personar i full sving.



Stas då skuleelevane fekk kome å sjå. TV2 til venstre og fransk team til høgre. Skulebarna fekk gå opp i øverste etasje i "huset på kaien" og fekk panormautsikt då helikopteret kretsa rundt kaien og øve pipå nars Olga ein ti-tals gonger for å filme kokkane i aksjon.


To stødige norske karar: Kåre Hansen som var på plass kl 06 om morgonen for å rydde å gjere klar kaien og fiskehuslokala. Og til høgre: Ryfylkekokken Frode Selvåg som kom "eins ærend" for å laga norsk fiskesuppe til heile teamet frå kjøkkenet til Vidar og Marta i "huset på kaien".



Kokkane var ute på merdane i Imsland for å hente laks; sjå berre HER - og Helgøyen skyssa de til kais på Skiftun.



Hovudpersonane i serien: ein av dei vinn TopChef 2013: ein prestisjetung sak i Frankrike



"Alle mann i skjul!! " - det var beskjeden frå regissøren då film-helikopteret kretsa rundt og rundt over kaien og filma kokkane. Alle i teamet, blanda med oss lokale, blei kommandert bak fiskahus-veggene.....me måtte ikkje vise....og der stod me å krylte mens filminga pågjekk frå lufta.


To karar frå M6-teamet bak fiskehusveggen diskuterer "neste trekk"



Kokkane er kjendisane....dei berømte....kanskje det blir denne karen som går av med seieren somTOP CHEF 2013 ?? Ein slik tittel vil dra fulle hus til restauranten hans i Frankrike !!


Etter "luft-filminga" størymde alle ut på kaien igjen, og kokkane begynte å gjere seg klare.



Tungt utstyr og fokuserte team-medarbeidarar som jobba jamt og trutt.



Ordførar Trine svinga inn på arenaen i rett øyeblikk - ho var kalla heim frå besøket i vennskapskommunen i Latvia - måtte dra heim ein dag før for å vere med som dommar i TopChef-kokkekampen Wink ..sjå berre HER. Dama i rød kåpe er Trude Bessesen frå Norsk Sjømatråd. Ho koordinerte det meste frå norsk side. Les hennar blogginnlegg om hendinga HER. Ho fortel at det òg blir eit innlegg i Fiskaren og i Stavanger Aftenblad om hendinga.


Kjendiskokkane tok seg tid til å spøke og flørte med TV-teamet....
(men ikkje med den lokalt utskremte nettside-journalistenTongue Outsom ikkje forstår seg på fransk kokkeflørt Wink)


Det blei filma frå alle kantar og vinklar....her frå terrassen nars Anna i "huset på kaien"


...og egra til Paul Olav var den opplagde helikopter-base-stasjonenWink


Kokkekampen er i sving....ingenting går teamet hus forbi !! Sjarken i bakgrunnen var bestilt for dagen; Jan Espeland kom frå Hjelmeland med den.


Chef over alle chefer visstnok, til venstre, og den populære programledaren i midten. Mannen til høgre var han som regisserte det heile og kommanderte : " Silence! Silence" ! .....når alle skulle være stille ! Han hadde god kustus på den store gjengen sin.



Kamerafolka jobba intenst i gråværet


.....uuuppss ...der kom det ei bøya....fram med paraplyen så ikkje kameraet blir vått . Kokkane til høgre, og programleiarane og dommarar til venstre.



Ein lang filmdag til endes....det er ettermiddag, og stjernene har reist ...kokkane, dommerane, programledarane, regissørane, sminkørane, lydfolka, teknikarane.....igjen er visst berre sjåførane og riggarane...dei pakkar og pakkar og pakkar på utstyr. Snart forlet dei Skiftun, og flytter heile teamet ut til Gastronomisk Institutt i Stavanger, der resten av filminga finn stad.

Dei tunge skyene letta opp innimellom - og skapte dramatiske øyeblikk midt i den "dramatiske" kokkekampen: me trur det blei ein flott dag for filming frå Norge....sjølv om det var midten av november.  For dei som får inn fransk TV M6 2.påskedag, så får de nok sjå fine glimt frå Skiftuvigå ....iallefall kan me nå slå fast: det skjedde visst eitt og anna denne dagen likevel....i den vesle Solbygdå!

Les meir på Norsk Sjømatråd

Alle foto: Svanhild Hjorteland Gbada

 

FaceBook
Facebook