1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower



Ingen påske utan BEDEHUSBASAREN, og slik vart det òg i år. Styret i Bedehuset skipar til god, gammeldags basar der inntekta går til naudsynt vedlikehald av bedehuset i bygda. Basaren er ein populær begivenhet; ikkje minst for tilreisande påskegjester. Bedehuset var fullsett denne kvelden, og leiar i bedehusstyret Trygve Brandal var nøgd.

 

Bedehuset var fullsett av fastbuande og hyttefolk, barn, ungdom og eldre, og dei frammøtte fekk oppleve prost Sigrid Sigmundstad ved talarstolen; der ho fortalde om påskebodskapen og var flink å få med seg dei minste i salen undervegs i talen.  Elles var det "god gang" i basarbøkene: lodda gjekk unna og hundrelappane (og større lappar med) strøyma inn rundt Trygve Brandal og resten av styret. Han presiserer at pengane ikkje er det primære med denne kvelden; det er nok like mykje den tradisjonsrike, sosiale møtestaden denne basaren representerer. Ja, for drøsen gjekk så høgt i kjellaren at taket nesten letta; rykande varm kaffe, pølser, heimebakst og gode kaker blei servert: og INGEN gjekk svoltne frå basaren denne kvelden heller.  Basarkveldar blir som regel "toppa" med utlodninga: så òg denne kvelden. Mange fine gevinstar blei spreidd ut i bygda, og me tippar det blei eit fint overskot til vidare drift og vedlikehald av Bedehuset.

FaceBook
Facebook