1 2 3 4 5 6 8 fosst1 kjerhammars rundatjs skifts

Som kjendt er Hjelmeland kommune midt inne i eit stort omstillingsprosjekt, og det er vedteke at det skal gjerast store innsparingar i drift; melllom anna i oppvekstsektoren. Dette betyr at skulestruturen slik den er idag, med svært stor sannsynlegheit blir endra.  Det er skissert 9 ulike alternativ, som nå skal utgreiast nærare. Dei 9 alternativa finn du under. I 5 av desse alternativa står  Jøsneset skule for fall, medan barnehagen består i alle alternativ.

 Det er blitt orientert om alternativa og prosessen i Samarbeidsutvala. Rektor Rasin er med i prosjektgruppa som har har i oppdrag å konsekvensutgreiie desse ulike løysingsforslaga. Prosjektgruppa skal ha sitt arbeid ferdig i mai, og det er lagt opp til at det skal fattast endeleg politisk vedtak i kommunestyret i juni. 

Alternative modellar som skal utgreiast :

Alt. 1
Oppretthalde dagens struktur, med unntak av Randøy bh.
Endring i styringsmodell i dei største bh: Hjelmeland, Årdal og Fister, vert eigne einingar

Alt. 2
Fister skule vert nedlagt og elvane ved Fister skule vert overført  til Årdal, som har areal.
Elles likt pkt.1. Fister barnehage nyttar frigjorte lokalar i skulen

Alt 3
Jøsneset skule blir nedlagt og elevane vert overført til Hjelmeland/ evt at elevar frå  Jøsenfjorden får tilbod om skuleplass i Erfjord. Elles likt pkt.1

Alt. 4
Alt 3 med tillegg av at Fister skule 1-7 går til Årdal, Årdal skule har areal.
Fister barnehage nyttar frigjorte lokalar i skulen

Alt. 5  
Alt.3 med tillegg av at Fister skule 1-7 går til Hjelmeland, Hjelmeland må byggjast ut.
Fister barnehage nyttar frigjorte lokalar i skulen

Alt. 6
Alt. 3 med tillegg av at Fister skule 5-7 kl. går til Årdal, Årdal har areal.
Har småskule igjen i Fister 1-4 kl.Fister barnehage nyttar frigjorte lokalar i skulen

Alt. 7
Alt.3 med tillegg av at Fister skule 5-7 kl går til Hjelmeland, Hjelmeland skule byggjast ut
Har småskule igjen i Fister 1-4 kl.Fister barnehage nyttar frigjorte lokalar i skulen

Alt 8.
Oppretthalde Jøsneset skule som før samt Fister 5-7 til Hjelmeland

Alt 9
Oppretthald Jøsneset skule som før, samt heile Fister skule til Hjelmeland

 

 

 

FaceBook
Facebook