Søndag kl 16.00 – 18.00 får alle hus i bygda besøk av bøssebærarar frå bygdarådet……og kva med ein liten, annleis kafè ?
Årets TV-aksjon går i år til NRC Flyktninghjelpen.
I tillegg til bøssebærarar vil det òg bli ein trillande tralle-pop-up-kafè på ferjekaien Nesvik frå 16.00-18.00.
Der blir det kaffe-og bollesalg !! ……og korleis kafèen skal bli trillande……..ja, det får du nesten ta turen bortom for å sjå !!
NRC Flyktninghjelpen er ein norsk humanitær organisasjons som hjelper folk på flukt og i kriser verda over. Meir aktuelt enn nokon gong, for verda er svært urolig, og kvart andre sekund må eit menneske flykte på grunn av krig og konflikt.

Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.

