Treningsrommet og gymsalen er no oppgradert med nytt LED-lys, reparert golv og nytt utstyr for leik og trening. Fasilitetane er mykje i bruk, og det er veldig kjekt! MEN – me minner alle om reglane for bruk:
– Barn under 14 år skal IKKJE vera aleine i treningsrom eller gymsal
– Alle må rydde etter seg! Legg på plass utstyr du har brukt. Dette gjeld og dersom du har teke fram bordtennisbord, madrass eller anna utstyr
– Gje beskjed dersom noko blir øydelagt
Innkjøp, vedlikehald og reinhald blir gjort på dugnad, så me blir veldig glade dersom alle brukarar hjelper oss med å halda det ryddig og fint. God trening!
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.

