Nesvik-gjeng på Ombotur

Det heile starta på Jøsneset bedehus sin tradisjonelle påskebasar. Andreas Nesvik Altamirano tok nokre lodd – og vipps blei han vinnaren av eit gåvekort på kr 1000 med Ryfylkebussen til Ryfylke planter – Ådland gartneri på Ombo.

Så då var det berre å hanke inn familie og naboar og fylle opp den sjarmerande veteranbussen «Bestemor» – og så rulla de ombord på hydrogenferja – og vidare opp bakkar og svingar på Ombo – mens gjengen sang lystig om ein bussjåfør med godt humør…..som var Sven Westersjø.

Det blei sjølvsagt handel ! Og det blei rusletur i den fine sansehagen til Henry Ådland – Vakkert !! og inspirerande !

Og det som var ekstra moro var at to av turdeltakarane, Reidun og Gunnar, hadde hatt gartner Henry som elev på folkehøgskulen for 47 år sidan !! Det blei koseleg gjensyn.

Bildene er sendt inn av Elsa Nesvik Altamirano, som fortel om ein kjekk tur med god stemning, og rett og slett opplett :-)) slå den du !

Screenshot

Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.