VM-kamp og Jonsok = tidenes sommarfest

Velommen på midsommarfest på Skiftun for heile familien

VM i fotball går ikkje hus forbi her i bygda heller. Det er tid for å kome saman og heie fram Norges tropp frå storskjerm på Skiftun kai – Fredag 26. juni – Norge – Frankrike ! Sidan dette skjer så tett opp mot vår tradisjonelle Jonsokfeiring, gjer me i år ein ny vri på det i år :

Me slår desse to hendingane saman til tidenes sommarfest !!

KI-redigert bilete
KI-redigert bilete



Alle er velkomne: bygdefolk, hyttefolk, naboar – og dei som vil ! Store og små !

JONSOK : startar kl 19.00 med dei tradisjonelle aktivitetane for barn/vaksne :
Her kan du berre kome utan påmelding. Delta i Fiskekokurranse og Krabbefangstkonkurranse. Eller kjekkast av alt : Ta deg eit midtsommarbad i den nydelege Skiftustranda. Nytt av året blir JEPPE-konkurranse (ja viss du er under 50, så veit du sikkert ikkje kva det er – men ) Det blir premiering for desse konkurransane.

BÅLET blir sjølvsagt, tradisjon tru, tent i Skiftu-stranda utpå kvelden.

VM-KAMP NORGE – FRANKRIKE startar ca 20.45
Me har lisens med visse vilkår, og det er begrensa plass til 200 stk . For å sikre deg plass sender du ein SMS til Oddvar 419 15 215.
Me har leigd inn orntlig STORSKJERM som blir passert ute på kaien – spektakulært ut mot fjorden !
Me skal ha skikkeleg VM-stemning, så ta med deg norsk flagg og supporter utstyr……og gjerne eit fransk flagg (om du tør :-)). Me gjer det enkelt : me lagar «tribune» av dykkar eigne campingstolar. Så ta med campingstol til kampen !

Det blir ein liten TIPPEKONKURRANSE !
Kva er stillingen etter første omgang ? Og kva blir resultatet ? Premiering !

SAL AV MAT OG DRIKKE
I år tar de ikkje med dykk eigen grillmat !
I år grillar me for dykk, og sel grillmat frå felles «kiosk». Me sel òg lokal eplesaft, brus, kaker, kaffe og IS !

ALKOHOLFRITT FAMILIEARRANGEMENT
Dette skal vere ein kjekk og aktiv kveld for store og små – for heile familien – og me skal lage god stemning med musikk og heiarop !

PARKERING: Ingen parkering på kaien. God plass ved Grendahuset, så får du ein fin rusletur ned vakre Skiftudalen.

Adresse for arrangementet: Skiftun 30, 4146 Skiftun (kaien og stranda)

Me er SOLBYGDA – så me satsar så klart på GODVÆR !
(………..men har òg ein ørliten Plan B)
Det bør du òg ha : kle deg etter været !

Arrangementet vårt er slutt når kampen er over ca 23.15.

Følg elles eventen på Jøsneset si Facebookside.

Arrangør: Jøsneset bygdaråd og gode hjelparar


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.