Hardhausen 2026

God deltaking på Hardhausen2026

Styret i Jøsneset Helselag vil takka alle som deltok på årets Hardhaus. Det var heile 99 deltakerar
påmeldte og flesteparten av desse gjekk enten 3. nutsturen eller alle 4 toppane og kan kalla seg ekta
Hardhausar. I tillegg så kom det også opp andre turgåerar til Foss-stemmen og var med oss der.
32 deltok for første gang. 8 deltok for 5. gang, 4 for 10. gang og 4. for 15. gang. Desse fekk ein
oppmerksomhet.

Det er framleis 3 som har deltatt alle 18 gangene som arrangementet har vore.
Nøtte- og saftstasjonen på Gunlabu var eit populært tiltak også i år, og mange satte pris på eit lite
avbrekk her.

Me hadde 3 premiar som alle besto av sekker innkjøpt frå Nasjonalforeningen. I tillegg var det mykje
tur-relatert innhald i sekken for 1. premien, litt mindre til 2. premien medan 3. premien var sjølve
sekken. Dei heldige som vart trekt ut var;

1. Camilla Flem
2. Sylvia Frafjord
3. Jakob Hjorteland Gbada

    Vidare så trekte me også ut 4 deltakerpremier blant alle som deltok. Denne premien besto av
    sitteunderlag og thermokopp gitt av Rogaland Sparebank. Dei heldige uttrekte her vart; Elise Mjølhus,
    Therese Breivik, Jostein Hjorteland og Terje Michaelsen.
    Det var fyr på bålpanna og kokekaffi, saft og frukt å få på Foss-stemmen kor basen holdt til heile
    dagen. Me vil også retta ein stor takk til Røde Kors som heldigvis hadde ein veldig roleg dag, og elles
    takka alle som stilte og gjorde dagen til ei god oppleving.


    Start frå Åsland i retning NordaHøgaste

    Jøsneset helselag inviterer seniorar 60+ på Jøsneset til seniorlunsj på Grendahuset torsdag 9.april kl 12-14



    Tekst: Ellen Mari Fosså, Foto: Ellen Mari Fosså og Berit T Skiftun


    Oppdater deg på Jøsneset

    Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.