Påminning – Hardhausen 1.pinsedag

Då er me straks klare for vårens vakraste eventyr : HARDHAUSEN på Jøsneset 1. pinsedag !

Få på deg turskoa og pakk tursekken på søndag ! Under tregrensa kan du nok få med deg siste rest av vårens fantastiske kvitveisblomstring. I høgheia er det tørt og flott å gå, med lite vegetasjon og merka løyper.

NB: I år er ein av kommunen sine Kodejakt-postar på NordaHøgaste. Så om du går oppom der, så husk å knipse med deg koden som står på skiltet ved postkassen.

Værmelding for søndagen er foreløpig fin: skya, god temperatur og omtrent vindstille. Men NB: følg med på værmeldinga sjølv :
link til Gunlanuten på YR.NO. HARDHAUSEN er ein god dagstur oppom fire toppar på 7-800 m høgde, så pakk sekken godt med god mat og drikke og klær etter værforholda !!

Utsikten frå Norda Høgaste veka før Hardhausen.

Link til kart og meir info.

08.00 – 10.00 Påmelding Åsland eller v/ SMS 92463675

Pris pr stk 100 kr. Barn under skulealder: Gratis. 
Trekning av premiar v Fosstemmen blant fullført Hardhaus og 3-nutstur
+ premiering  for 1.gong, 5.gong, 10.gong + trekning deltakarpremiar  

VIPPS: 562037
Nøttestasjon Gunlabu 10.00- 14.00. 
Frukt, saft, kaffe og fyr på grillen v/Fosstemmen frå 09.00 – 17.00

Me ønskjer alle ei god og triveleg tur !

Jøsneset helselag inviterer seniorar 60+ på Jøsneset til seniorlunsj på Grendahuset torsdag 9.april kl 12-14

Foto: Svanhild Hjorteland Gbada

      


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.