God stemning på bedehuset onsdagskveld i påskeveka ! Tusen takk til alle som bidrog til ein vellykka påskebasar. Det var nesten 150 personar innom på bedehuset. Det kom inn 62 870 kroner som går til drift og vedlikehald av bedehuset. Sjølv om det blei litt trangt så var det god stemning. Magnhild Meltveit Kleppa haldt ein fin andakt, og det var mykje godt å ete i matsalen etterpå.
Høgdepunktet var som vanleg utlodninga og her var mange flotte gevinstar; mottatt frå både verksemder og privatpersonar som gåver. Her var alt frå ei vekes stillasutleige, til eplesaft, påskeegg/pynt, barneleiker, lokalmat og diverse gåvekort. Tilsaman var det over 80 gevinstar, fordelt på «barnebord» og «vaksenbord».
Tusen takk til alle som bidrog med å kjøpe lodd, selge lodd, bake kaker og gi gevinstra. Og STOR TAKK til alle verksemder som seier JA når me spør om bidrag til basar – Me hadde ikkje fått dette til utan !
HÅPAR ME SJÅAST NESTE ÅR
Helsing styret i Jøsneset bedehus




Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.

