Grendahuset er utleigd skjærtorsdag frå ca 15.00 – 18.00 – dvs ingen eigentrening denne dagen !
Men er du treningslysten, så kom igjen LANGFREDAG:
– Bordtennisturnering 12.00 – 16.00
– Jakobs trim m/quiss 18.30 – 20.00
Elles til info:
- Golvet i gymsalen har ein del defekte parti, Desse er markert med teip. Ver obs på det ift type aktivitet og trening, og «ta det tåligt». Reperasjon av golvet skjer etter 17.mai.
- Lysstoffrøyra frå 70-talet syng òg på siste verset, og snart trenar du i mørket…..Men frykt ikkje: lysa blir skifta ut med nye LED-lys ila våren
- Ja, det er litt lite utstyr og ballar, men ny ladning er under bestilling !
Her er info om treningsrommet og korleis du får tilgang til treningslokala
Me set stooooor pris på at du ryddar fint etter deg etter trening !
God påske og god trening !


Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.

