Smashing Bedehuset 2026

Smashing Jøsneset tek ein pause i 2026, men no kjem det populære arrangementet tilbake i ny form. Sven Gil Westersjø, ein av nøkkelpersonane i Smashing-komiteen, er no på plass i Bedehus-styret og ser lyst på å dra i gong eit Smashing i regi av Jøsneset Bedehus!

I dag går den årlege påskebasaren av stabelen, og dette arrangementet har lenge vore den viktigaste inntektskjelda til bedehuset. No håper Sven at eit Smashing-arrangement første laurdagen i august kan gje ekstra pengar i den slunkne bedehus-kassa.

Sven er i full gang med å skaffa sponsorar, og røper av at fleire spennande artistar snart er signerte!


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.