Det har seg slik at det er dårleg akustikk i møtelokalene på Grendahuset. Dette vil bygdarådet løyse med lyddempande foto på veggene. Då ønskjer me oss jo såklart nydelege foto frå vårt vakre Jøsneset: td natur, landskap, utsikt, turmiljø eller stemningar frå sjø/hei/bygd. Ja, nærbilder td av blomar eller dyr er òg aktuelt. Noko som er med på å illustrere vårt nærmiljø.
Bildene skal printast ut på format på 60×60 og 60×120 cm storleik, som betyr at fotobidraga må vere av god oppløysing/kvalitet.
Bygdarådet er jury, og vel ut 4-5 bilder som me sender til printing på desse spesielle platene.
«Premien» for dei beste foto vil dermed bli at de blir montert som dekor på Grendahuset til glede for alle besøkande !
Send ditt fotobidrag til bygdaradet@josneset.no – Frist 25 januar !
Spørsmål: Kontakt Silje950 62 607 eller Svanhild 970 07 636 i Jøsneset bygdaråd
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.

