MOWI inviterer alle interesserte til møte onsdag 4. februar klokka 17 i det nye Tilvekstsenteret i Sande næringsbygg. Det blir info om MOWI sine aktiviteter i Hjelmeland, miljø- og bærekraftsarbeid, arealprosesser og søknader. Gi beskjed dersom du ønsker å delta eller har spørsmål til mona.bue@mowi.com /tlf 92637406 innan mandag 2. februar
Søndag 1. februar kl 16.00 blir det møte på bedehuset. Talar er Odd Eivind Høyvik frå «Lys over land». Kaffi etter møtet. Alle er velkomne!
Jon og Elodie melder om finfin is på Eiatjøda, like ovanfor tunet på Eiane. Parker gjerne ved RV13, og gå ca 10-15 min : opp vegen, forbi tunet og frukthagen. Dei har målt minst 16 cm, og oppmodar: Finn fram skeisene og ta turen! Kan jo også kombinerast med lokal handel i gardsbutikken fredag og …
Jøsneset treningssenter er klart for bruk i det nye året! Vil du bli medlem? Det koster kun 600,-/år! Du kan då nytta gymsalen og treningsrommet når du vil i heile 2026. Det er framleis høve til å kjøpa tilgong for 1 dag for kr 50,-. Slik gjer du: – gå inn på Jøsneset Bygdaråd sin …
-Førre møtereferat -Orienteringssaker -Planlegge årsmøtet-Utleigeprisar -Andre saker. Kontakt leiar Oddvar 419 15 215 for innspel om saker du meiner Bygdarådet bør jobbe med.
Det blir nye strikkekveldar i Trivselstova frå kl 19-21 desse dagane; Onsdag 28. januar Onsdag 25. februar Onsdag 25. mars NB- Alle er velkomne, også utan strikketøy Kontaktperson: Ellen Mari (92 46 36 75) Arr: Jøsneset helselag
Jøsneset bygdaråd er på jakt etter gode jøsnesfoto – så nå utfordrar me til ein liten fotokonkurranse !
Vår trufaste flaggheisar Inge Torkel Skiftun har bestemt seg for å senda ansvaret for flaggstanga ved Grendahuset vidare, og me treng ein arvtakar! Dersom du er interessert i ein liten ekstrajobb, ta kontakt med Bygdarådet på bygdaradet@josneset.no eller leiar Oddvar Skiftun, tlf 41915215.