Det er ei vennskapleg og hyggeleg kniving på gang mellom mannskapet på våre to flotte ferjer: å skape den koselegaste julestemning !

MF Hydra i aksjon – skal treet stå her eller der ? …..og nå må Nissen ut av skapet !
Lenge såg det ut til at det berre var MF Nesvik som tenkte det skulle bli jul i år, for salongen har ei tid vore pynta med nissar og adventstjerner, girlander og juletre og ………MEN ……så skjedde det noko: MF Hydra ha vakna og iverksett julestemningsplanen: Nå er det meganisse på plass, pakkar under juletreet, julemusikk i kiosken, lyslenker i vinduene og pepparkaker på bordene ! Så nå spørs det: kor er det mest julestemning

Juletreet på MF Nesvik med glitter og lys

Juletreet på MF Hydra – Nissen har òg vore med pakker under – kanskje til mannskapet som må jobbe juleafta ?

Juledekorasjon og adventstjerner på MF Nesvik – til glede for oss reisande !

Kjøp deg ein julekaffe på MF Hydra og få Maria Menas «Home for christmas» på kjøpet :-))

Det ryktes òg at det er litt «nissing» på gang – og at lyslenkene vandrer litt og høyrer til både her og der ?

Så då er spørsmålet : Kven har den finaste juleferja ? MF Hydra eller MF Nesvik ?
Svar i Facebook-innlegget til Jøsneset . Premien ? Gode forslag mottas med takk ( også i FB-innlegget)
Uansett: pendlarane på ferjene GLEDAR SEG STORT over at mannskapet gjer det koseleg og skaper julestemning i kvardagen. Takk til mannskapet på begge ferjene !
Me oppmodar alle reisande bilistar om å trø ut av bilane og ned i salongane for ei lita julestund !
Helsing «dagpendlar-gjengen «
Foto: Svanhild Hjorteland Gbada
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.

