Fem julekakesortar i boks !

Glade bakerar med kveldens produkter - fem sortar til fordeling

Tradisjonen tru er det julekakebaking med etterfølgjande julekakesmaking på Grendahuset i starten på desember – så òg i år.
5 bakerar på plass, 5 ulike deigar, 3 ovnar, 6 brett hit og dit ! Men nå begynner me å bli drevne, så logistikken fungerte ganske så bra i år. To minutt på halv åtte var alle kaker steikt og me hadde invitert alle som ville på julekakesmaking. Men ikkje ein einaste sjel benytta seg av den sjansen – så då smakte me sjølv – over ein god kopp kaffe ! Og var svært fornøyd med eigen produksjon.

Dei fem sortene var Oldemors sjokopletter, Sandnøtter, Gaffeltrykk-kaker, Sjakkruter og Brune pinner.

Kakene blei rettferdig fordelt i 5×5 kakeboksar så alle fekk med seg heim.

Diskusjonen gjekk på kor mange år det har vore slik felles julekakebaking. Så langt me har funne ut har det iallefall vore 11 gonger på rad. Litt mimring:

10 desember 2014

7. desember 2015


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.