Knapt ja til steinbrot – Knutsvikheia

Hjelmeland kommunestyre behandla Kommunedelplan for byggeråstoff idag 4. september. Det blei 10 røyster for og 9 imot pukkverksplanane i Knutsvikheia. Fleire parti var splitta i saken. Ca 40 demonstrantar møtte opp for å protestere mot planane, derav hytteeigarar og fastbuande frå Jøsneset.
Les meir i Stavanger Aftenblad og Strandbuen.
Link til kommunestyresaken

Dette er ikkje eit endeleg vedtak, men gir føring om at kommunestyret ønskjer pukkverksområdet inn i den komande kommuneplanens arealdel – som er ein meir bindande plan for arealbruk. Kommunen har nyleg starta opp arbeidet med arealdelen, og det blir nye informasjonsmøter i grendene i den samanheng nå i september.
På kommunen si nettside finn du meir info om arealplanarbeidet.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.