Me er på jakt etter gamle foto i samband med eit prosjekt som går på gamle ferdselsvegar på Jøsneset. Det kan vere foto av gamle kjøretøy, hest/kjerre, folk som går/syklar/køyrer på vegane, vegarbeid, grindar, landskapsbilde frå Jøsneset eller liknande.

Rasin Tjeltveit og Ådne Skiftun held på med å skrive historia til vegane på Jøsneset, og det hadde vore fint å illustrert teksten med litt foto. Har du info om gamle vegfar, snarvegar der folk ferdast eller anna relevant til tema, så ta kontakt med Rasin.

Prosjektgruppa består av Ådne, Rasin og Svanhild. Det er Ådne og Rasin som har gjort mesteparten av jobben hittil, med innsamling av informasjon og historieskriving. Tanken er òg å få teikna gamle vegtrasear inn på kartet, og der kjem òg kanskje Svanhild litt meir til nytte enn hittil som møtesekretær.
Har du tips ? Har du foto ? Ta kontakt med Rasin på tlf 414 19 313 eller send på epost i-tjeltv@online.no

Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.

