Månad: september 2025

Strikkekveldar

Velkommen til nye strikkekveldar både med strikke- og snakketøy i Triveselstova frå kl 19.00-21.00 Onsdag 01. oktober Onsdag 29. oktober Onsdag 26. november Kontaktperson: Ellen Mari (92 46 36 75)

Info-møte Kommuneplanens arealdel

JØSNESET GRENDAHUS MANDAG 22.SEPT kl 20.00 Hjelmeland kommune inviterar til informasjon om oppstart av Kommuneplanen sin arealdel. Informasjon om bakgrunn, type plan, føringar, korleis kome med innspel, prosess osv Meir info om planen på kommunen si nettside Jøsneset bygdaråd legg til rette for møtet – så det blir nok ein kaffekopp attåt

Demensaksjon torsdag 18. september

Torsdag 18. september frå klokka 18 vil Jøsneset helselag komme rundt i bygda for å samle inn pengar til årets demensaksjon. Ein kan gjerne vippse bidrag til 562037. Helsing Jøsneset Helselag

God valgdag på Jøsneset

Mange lister å velge mellom på «avlukket» – men alle kom ut med berre ei 😉 Så var det valgets kvaler frå Twistskåla då! Mange å velge mellom her også, og her er det ulike meiningar gitt. Mange er svært resolutte og held seg til sin faste favoritt – medan andre er opne for nye …

Valgdag 8. sept –

Husk å bruke stemmeretten din – Velkommen til valglokalet på Jøsneset Grendahus – inngang gamle skulestova kl 14.00 – 18.30

Knapt ja til steinbrot – Knutsvikheia

Hjelmeland kommunestyre behandla Kommunedelplan for byggeråstoff idag 4. september. Det blei 10 røyster for og 9 imot pukkverksplanane i Knutsvikheia. Fleire parti var splitta i saken. Ca 40 demonstrantar møtte opp for å protestere mot planane, derav hytteeigarar og fastbuande frå Jøsneset. Les meir i Stavanger Aftenblad og Strandbuen.Link til kommunestyresaken Dette er ikkje eit …

Har du gamle Jøsnesfoto ?

Me er på jakt etter gamle foto i samband med eit prosjekt som går på gamle ferdselsvegar på Jøsneset. Det kan vere foto av gamle kjøretøy, hest/kjerre, folk som går/syklar/køyrer på vegane, vegarbeid, grindar, landskapsbilde frå Jøsneset eller liknande. Rasin Tjeltveit og Ådne Skiftun held på med å skrive historia til vegane på Jøsneset, og …

Styremøte Bygdarådet

Bygdarådet skal ha styremøte 17. sept. Sakliste:– forrige møtereferat– orienteringssaker -opphavsrett -justeringar heimesida-universal tilpassing-Smashing-utleige-byggvedlikehald -prosjekt gamle vegar -budsjett/rekneskap -helse-/omsorgstrukturen-pukkverk -div haust-arrangement: Kveldsmat, Pub -vedlikehald grøntområde-Andre saker Ta kontakt med Oddvar 419 15 215 for innspel om saker du meiner Bygdarådet bør jobbe med.

Struktursak omsorg

Hjelmeland kommunestyre behandlar 4.september sak om organisering av omsorgtenester i kommunen. Her finn de uttalen frå Jøsneset bygdaråd til saken.Uttalen ligg som vedlegg til kommunestyresaken Kommunestyremøtet kan følgjast på nettTV Jøsneset bygdaråd meiner Hjelmeland er den mest naturlege staden å samle omsorgtenesta, med grunngjeving som framgår av brevet.