Litt seint ute, men bedehusstyret vil takke alle som bidrog til bedehusbasaren 16. april i år.

Tusen takk til alle som gav gevinstar ! Hovudgevinsten var eit flott saueskinn frå Buhagen.
Takk også for gode bidrag til kakebordet og alle dykk som kjøpte lodd.
Me fekk inn 64 000kr som går til drift og vedlikehold av bedehuset. Andakta var ved Asbjørn Salte, tidlegare prest i Suldal.
Så håper me at me treffast til neste år – same tid og stad.
Ønskjer om ein God Sommar til alle.
Helsing bedehusstyret Jøsneset
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.