
Jøsneset Helselag sitt årlege arrangement 1. pinesdag blei gjennomført med svært godt oppmøte og i eit flott turvær.

95 deltok på arrangementet og heile 91 kan kalla seg Hardhausar. Det betyr at dei har gått alle 4 toppane som er Norda-Høgaste, Gunlanuten, Røssenibben og Valafjell. 36 deltok for første gang og fekk med det deltakerkrus, og 3 har deltatt alle dei 17 gangene arrangementet har blitt gjennomført.
Det var nøtte- og saft stasjon ved Gunlabu midt på dagen, og ved Foss-stemmen var det kokekaffi, saft og frukt samt fyr i bålpanna heile dagen heilt fram til kl 17.00.
Terje Laugaland og Nila Skiftun fekk t-skjorte for å ha gått for 5. gang. Jostein Hjorteland, Kristiane Westersjø, Tove Opedal og Øyvind Oaland har deltatt 15 ganger og fekk krus og t-skjorte.
Vinnerane av årets Hardhaus vart;
1. premie Marie Kvame
2. premie Tove Opedal
3. premie Øyvind Oaland
Premiane i år var sekker med litt ulikt innhald i. Me hadde i tillegg fått 3 thermokoppar av Rogaland Sparebank. Dei uttrekte vinnerane her vart; Sebastian Våge, Nora M. Eide Andreassen og Silje Sværen.

Takk til Hjelmeland Røde Kors som også i år var med oss, samt til grunneigerane på Åsland for lån av parkeringsplassar – og ikkje minst til alle som kom og gjordet dette til eit vellykka arrangement.



Foto Berit T. Skiftun og Ellen Mari Fosså

Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.