Månad: juni 2025

Bedehusets påskebasar

Litt seint ute, men bedehusstyret vil takke alle som bidrog til bedehusbasaren 16. april i år. Tusen takk til alle som gav gevinstar ! Hovudgevinsten var eit flott saueskinn frå Buhagen. Takk også for gode bidrag til kakebordet og alle dykk som kjøpte lodd. Me fekk inn 64 000kr som går til drift og vedlikehold …

Nydeleg jonsokfeiring

Det blei ein finfin sommarkveld ! Takk for alle som møtte Arr: Jøsneset Bygdaråd

NB: Jonsokfeiring flytta til laurdag 21 kl 18.00

For å sleppe å sitje i stranda i pøsregn og 11 grader på mandagskveld /jonsokafta, så FLYTTAR ME FEIRINGA FRAM TIL LAURDAG 21. JUNI kl 18.00 (då er det god værmelding) Bygdarådet fyrer opp felles bålpanne for grilling ! Ta med eigen grillmat og noko å sitje på. Det blir premiering for krabbe og fiskekonkurransen …

Omvisning i Solveig sine containerhus

Solveig Bog inviterer til omvisning i dei nye containerhusa sine onsdag 18. juni frå 19:30 til 20:30. Alle er velkomne til å sjå dei spennande husa – og den flotte utsikten!

Klart for 10. Smashing Jøsneset

2. august blir det konsert og fest igjen på Jøsneset! I år feirer me at det er 10. gang Smashing Jøsneset blir arrangert med ein TRIPPEL konsert: Matti Røssland & dei, ABBA tribute show OG Pakkers. Billetter får du her. NB! Billettane koster kun 400,- fram til 15. juni Vil du oppleva konserten GRATIS? Meld …

Ny Jøsnesbu!

Natt til 16. mai fekk Jøsneset ein ny innbyggar då Joar og Maria Rosså sin odelsgut blei fødd. Det markerte sjølvsagt Bygdarådet med ei blomsterhelsing. Gratulerer og velkommen!

91 Hardhausar 1. pinesedag

Jøsneset Helselag sitt årlege arrangement 1. pinesdag blei gjennomført med svært godt oppmøte og i eit flott turvær.

Seniortur til Jelsa

Jøsneset helselag sin seniortur gjekk i år til Jelsa 5. juni og 12 seniorer var med.Lunsj var bestilt på Jelsa Hotell, og me blei servert Skattkammertallerken, som bestod av bare lokale produkter. Masse gode smakar, og smakfulle Jelsa jordbær til dessert. Etter lunsjen fekk me guiding i Jelsa kyrkje frå 1647, med eit tak som …

Info om treningslokala på Grendahuset

Det pågår bygningsarbeid på Grendahuset, mellom anna for å lage ny universell inngang til bygget via gamle garderobane. Det betyr at inngang der nå er midlertidig stengd. Det kan òg bety at gymsalen er «okkupert» av bygningsutstyr og materialer, og det kan bli støvete innimellom. Alle som brukar lokala må ta omsyn til dette ! …