
Først var det ordinært årsmøte leia av Berit Torgersen Skiftun

Svanhild Hjorteland Gbada gjekk ut av styret etter 6 år som turpostansvarleg, og fekk blome-takk frå Berit. Anne Lise Rosså blei vald som nytt styremedlem. Elles fortset Berit T Skiftun som leiar + Ellen Mari Fosså, Marit Wyller og Elsa Nesvik Altamirano som styremedlemmer. Referat frå årsmøtet blir lagt ut på nettsida når det er klart.
Deretter var det innlegg frå turentusiast Arnt Ove Skogly frå Stavanger. Han fortalde om sin store hobby; tugåing, fotografering og å drifte nettstaden TURANBEFALINGER. Han driftar òg to populære tur-facebookgrupper med til saman over 70 000 følgjarar. Skogly fartar landet rundt på tur, og gledar seg stort over å dele sine turtips med andre i form av bilder, tekst og kart. Han har òg deltatt på vår eigen Hardhausen fleire gonger, og kjenner Jøsnesheia godt, her med eit turtips Herefjellet.
Etter innlegget blei det ein god mat/kaffe-pause med nydelege «høge» smørbrød !
Til slutt var det trekning frå turbøkene.
Det er 10 turpostar med 13 turbøker, derav 3 barnebøker.
Vinnarar kan hente premiane sine hos Ellen Mari Fosså, 92463675


Premiar for vaksne var førstehjelpsutstyr Røde Kors og premiar for barn var Mesternes Mester brettspel
Under finn du oversikten over besøka pr turpost dei siste fem åra. Framleis er det Nesdalsfjell som «tronar» med mest besøk, men Håvehammar «halte litt innpå» igjen i 2024. Ellers gledeleg at det er aukande besøk på så og seie alle – god folkehelse i kvart steg.
Ta turen òg i 2025, alle bøkene er på plass. Her er TURKART JØSNESET


Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.