Kor er skipsklokka ?

Det blir sagt at «ein mystisk bymann» har skipsklokka til veteranbåten MS Jøsenfjorden hengande på hytta si på Jøsneset

Og hyttemannen sjølv skal ha sagt at når båten er ferdig restaurert, så skal de få skipsklokka til å ha ombord. Nå er restaureringa komen svært langt, og andelslaget for MS Jøsenfjorden er på jakt etter skipsklokka.

Dei har ei «reserveklokke», som Lars Randa, styreleiar i andelslaget, held på bildet – men vil svært gjerne ha fatt i den originale klokka. Er det nokon som veit kven som har klokka? Ta kontakt med Lars Randa

Les meir om jakta på skipsklokka på Jonebloggen og på facebookgruppa Nye Jøsenfjord rutelag

Og på NETTSIDA TIL ANDELSLAGET MF JØSENFJORD kan du lese meir om denne flotte veteranbåten som har gått i rutetrafikk i Ryfylke, og som nå snart gjenoppstår i ny prakt takka vere eit aktivt andelslag og gode sponsoar (mellom anna Riksantikvaren)




Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.