Kontorplass til leige

Nå kan du leige kontorplass i vårt nye kontorfellesskap. 

I det gamle klasserommet til småskulen er det nå laga til tre kontorplassar som er til utleige. 

Du kan velge mellom ulike løysingar ut fra kor mange dagar pr månad du ønsker å leige:

8 dagar 1000 kr/mnd
4 dagar 600 kr/mnd
1 dag 250 kr

Ta kontakt med Jostein Hjorteland i Bygdarådet dersom du er interessert. Mobil 90062330 eller e-post: jos-hjor@online.no

Leiga skal betalast inn til Bygdarådet sitt kontonummer: 3353.22.13784.
Dersom du skal leige for ein dag kan du betale på Vipps til 135092. (Ta kontakt med Jostein for å få kode til nøkkelboksen.)

Kontoret har fine pultar med hev/senk-funksjon, gode kontorstolar, fiber, trådlaus printer, kaffitraktar og vannkokar. Og ikkje minst – veldig flott utsikt!