Ut på tur

Turkart

På Jøsneset er det gode turmuligheter. Me har laga eit flott turstikart som viser veg til mange av turmåla me har.

Det er utarbeida eit eige turkart for Jøsneset, der du finn både kart og skildring av mange flotte turar.

Alle stiane er gått opp med GPS, og du finn desse òg i digitale kart som td Norgeskart, Kommunekart, og diverse tur-appar som td UT, Norgeskart Friluftsliv, Topo

Stiane i kartet er skilta og merka, og blir drifta av frivillige bygdefolk.

I dette stinettverket har Jøsneset Helselag 10 turpostar.

Me ønskjer velkommen til tur på Jøsneset frå lågland til markante nutar. Ta omsyn til beitedyr og natur – GOD TUR

Turpostar

Vi har 8 turbøker som det går an å skrive namnet sitt i på ulike turpostar: 

1. Norda Høgaste (Herefjellet) postkasse og bok blir lagt ut der før pinsen.

2. Gunlanuten

3. Røssenibben

4. Valafjell

5. Nesdalsfjell

6. Fosstemmen

7. Håvehammar (også eiga barnebok her)

8. Herefjellet (Tausanibbå)

9. Brynå

Topptur konkurranse:

Vær med på konkurransen: Dersom du i løpet av 2010 går på Gunlanuten, Røssenibbå, Valafjellet og Norda Høgaste på Herefjellet, så er du med i trekningen av årets toppturvinnar på årsmøte i Jøsneset helselag (innan mars 2011)

For å vere med kjøper du ei turdagbok til kr 50,- som du fører opp alle turane dine i. Boka er til sals på Naustet, eller ved kontakt med styret i helselaget. Lever inn boka til årsmøte for å vere med i trekninga.

Turpostar:

I «låglandet» er det i år 5 merka løyper med postkasse og bok. Desse er Fosstemmen (berre for dei som går opp), Tausanibbå, Nesdalsfjell, Brynå og Håvehammar. Her kan du skrive namnet ditt kvar gong du går tur. Her er det for tida den som går mest i kvar bok som får ein premie, samt at det kan vanke litt ekstratrekningar også i desse bøkene.  

PS: På Håvehammar har me og eiga barnebok med barnepremie.

Kontaktperson:

Dersom nokon oppdagar manglar eller feil ved ein tursti, t.d. skilt som manglar, tre som har falt ned e.l. så kan de ta kontakt med helselaget.

Adopsjon av turstiane: 

Per i dag er ansvaret for alle turpostane våre «adoptert» vekk til ulike personar. Dei personane som fekk ansvar i første omgang for ein tur, er ansvarleg for turen til dei gir beskjed om anna til styret. Desse går kanskje oftare denne turen enn andre, og held eit særleg auge med «sin» tursti. Det er for å sikre at turstiane våre er i god stand. Dersom dei finn manglar kan dei gi beskjed til helselaget for å få desse utbetra, eller dei kan gjere det sjølv. Små manglar (enkeltgreiner veks ut i stien, merkepinnar dett ned el.l) kan dei rette opp att sjølv. Dersom større arbeid må gjerast, t.d. at heile stien må ryddast skikkeleg att for vegetasjon, så vil helselaget arrangere ein dugnad med fleire personar som er med og gjer jobben. Vi må huske å rydde brei sti slik at ikkje greinene heng over stien når dei er våte eller full av snø. Helselaget skaffar maling, skilt og merkepinnar ved behov.

Vi håper alle som brukar turstiane tek eit ansvar for å rette på skilt som bles ned, henge opp att merkepinnar o.a. «småplukk» slik at turstiane er i orden.  

Gapahuken «Kalvagaren»

Gapahuken «Kalvagaren» ved Fosstemmen er ein flott sosial møteplass i naturen.  Her er det eit godt ly for vind og regn, romslege benkar ute og inne, bålpasser og kanoar til å padle i + eit flott badevatn!

Bygget er teikna av landskapsarkitekt Knut Fosså, og er eit flott handtverk utført på dugnad av frivillige i bygda; med Lars Bog og Kåre Nesvik i spissen.   

Bygget har ein sekskanta form, og er bygd i solid lafta tømmer som er hogd i Erfjord. Den eine veggen inne i gapahuken er ei stor steinhelle som er henta ut frå Fossmarka.  Ved sida av gapahuken er det bygd eit «uthus» der kanoane «Kalven» og «Kvigå» bur,  og der veden blir halden tørr .

Alle er velkomne til å bruke gapahuken, bålpannene og kanoane.
Bruk av ved: Vipps kr 30 til Jøsneset Bygdaråd vippsnr 911348, velg «ved Fosstemmen»

Ikkje hogg trær i skogen! Øksene skal kun brukast til vedkløyving Ta med deg avfallet ditt heim – Rydd fint etter deg

Gapahuken er òg basen for arrangementet HARDHAUSEN som går kvart år 1.pinsedag. 

Slik kjem du deg dit:

Fosstemmen ligg midt i turhjarta av Jøsneset. Hit går du til fots. Sjå turkart Jøsneset og omtale på ut.no 

Frå Foss: bratt, god skogsveg rett opp frå p-plass på Foss, ca 2,7 km
Frå p-plass Åsland: først på landbruksveg, deretter på merka tursti, total lengd ca 2,5 km.  

 Drift av anlegget skjer på frivillig basis