Nytt frå Strandbuen
- Strand vil ha to nye prosjektledere – disse har søkt
- Ingen fastleger i Strand har plass til flere pasienter – så lange er ventelistene
- Tar ventelistene på alvor: Særlig 41 personer blir prioritert
- Adrian (20) var ein av få på sin alder på Ryfast-møtet: – Mange unge tenker ikkje på at det er dei som skal betala lengst
- Nå skal det ansettes ny fastlege – disse har søkt
Siste nytt
Frukt og Laks
Festivalsjefen for Frukt- og Laks melder at det òg i år blir sett opp nattbåt etter festen på lørdagen til Nesvik kl 01.30. Bilettpris kr 50,- Meir info finn du på NORSK FRUKT-og LAKSEFEST
Populær Gunlanut
Sommaren2014 har vore/er "tursommaren" framfor nokon. Gunlanuten 829 moh har vore populært mål i sommar ! Vel, me konkurrerar ikkje akkurat med Preikestolen og Trolltunga i besøkstala; men til å vere her, er det godt besøk! Mellom mars og august var det 230 besøkande på Gunlanuten !
Påmelding avslutta. Seks lag i årets Skiftudal Open
Påmeldingsfristen har gått ut og seks lag har meldt seg på årets Skiftudal Open. Arrangøren takkar påmeldte lag for tilliten og skal gjera så godt dei kan for å få til ein kjekk dag på skuleplassen. Det ligg ann til å bli ei gruppe der alle møter alle før kampen om pokalane skjer seinare på dagen.
Påmeldte lag: Beach boys, Playa del Skiftu, Øygaarden 171, Jøsneset bhg.'s venner, Team Nesvik og Skiftun Masters. Kampoppsett vil bli lagt ut her på josneset.no i neste veke.
Og til deg som ikkje skal spele......kom oppom skuleplassen denne dagen, vær sosial og stikk innom kaféen for ein kaffi og noko godt å bita i. Regards Sekreteriatet
Praktisk info om linedance-kurset
Laurdag 16. august blir det countrymusikk og meir eller mindre taktfaste steg å høyra frå Jøsneset skule!
August-storm
Laurdag 9. august vart det brått omvelte i sommarværet - då slo stormen til: raskt og kraftig. Første bolk kom tidleg ettermiddag - vindkast som m.a. medførte velt av fleire store trær som her på Fosså.
Svar frå LYSE vedr fiberutbygging
Jøsneset Bygdaråd sendte tidlegare i sommar eit brev til LYSE vedr fibernettutbygginga. Nå har Bygdarådet fått svar frå LYSE og det kan sjå mørkt ut for fiberutbygginga i denne omgang pga store kostnader. Her kan du lese SVARBREV FRÅ LYSE.
Husk linedance-kurs 16. august!
Me minner om linedance-kurset - alle er velkomne!