Tusen takk
NASJONALFORENINGEN JØSNESET HELSELAG
Mandag gjekk helselaget med bøsser for Demensaksjonen.
Demens kan ramme oss alle. Deg,meg eller en vi er glad i.
Fiberrik aften 26 sept
Set av FREDAG 26 sept kl 18.00 . Då kjem LYSE for å informere meir om FIBER og for å teikne nye kontraktar. Og me nyttar høvet til å "feire" fibertilskuddet til bygda med FIBERRIKE godbitar ! Mykje moro med fiber altså. MEIR INFO KJEM !
Godt resultat for Romania
Fredag 12 september var det igjen innsamling av klær og utstyr til gode hjelpeprosjekt i Romania. Det er ektepartet Richard og Inger Apeland frå Suldal som er eldsjeler i dette arbeidet. På Jøsneset blei bil og hengar full av innleverte sekkar og esker - fylt med klær, sko, utstyr, leiker mm. Her er Olga Hjorteland og Richard Apeland i sving med å lesse bilen. Apeland kunne fortelje at alt som er samla saman frå distiktet blir fylt opp i ein stor trailer ila helga, og den blei "meir enn full" - Nå er utstyret alt på veg til Romania !
Vellykka bulystprosjekt
Det 3-årige bulyst-prosjektet "Hjelmeland 24/7" ble denne veka avslutta med ei samling for frivillige lag på Hjelmeland Samfunnshus. Alle dei 5 ulike arbeidsgruppene - deriblandt Jøsneset - presenterte sine prosjekt. Utan tvil: mykje spennande er skapt ila desse tre åra. Men det gledelegaste er kanskje at mykje av det gode arbeidet fortset i ein eller annan form
ELDRETREFF Hausten 2014
Nasjonalforeningen Jøsneset helselag
Eldretreffen har oppstart torsdag 18.09.14, kontaktperson Olga Hjorteland tlf 51751947 for påmelding. Middagsservering. Anna kvar torsdag vidare.
Alle er velkomne!
Bilete frå fotokokurransen
Her er årets bidrag til fotokonkurransen.