Nytt frå Strandbuen
Siste nytt
Søndag 14. desember
Jøsneset Ungdomslag utfordra kvar og ein til å bli med på årets juleverkstad
Sjå plakaten her
Adventsbad
Lørdagsbadinga går sin faste gang. Det har blitt gjennomført 7 lørdagsbad på rad denne hausten; ikkje alle kvar gong: Nokre gonger bra frammøte, andre gonger litt bedre plass i Kogekjellå på Foss. Ganske god plass nå på lørdag då kun 2 x Svanhild stod for adventsbadet. Men "Kogekjellås Venner" ser lyst på vinteren: Vel møtt til nytt bad neste lørdag kl 16 til nye og "gamle" baderar"
Graut, gløgg, saft og kaffi
Med snø i lufta og vindretning rett i mot, var det godt å komma seg inn i Kalvagarden. Der var gløgg og kaffi klare til å komma i koppen, og drøsen gjekk godt rundt bålet. Me var 11 vaksne og 4 born som la første søndag i advent turen frå Åsland til Fosstemmen. Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag hadde i dag tatt initiativ til ein Adventsmarsj for alle, både fastbuande, hyttefolk og alle andre som var innom Jøsneset denne dagen.
Trykk HER for eit lite bildegalleri frå turen.
Takk til dykk alle som møtte opp og gjekk turen saman med oss i dag.
Felles nyttårfeiring
Les info om opplegget på PLAKATEN HER
Ein gledeleg overraskelse
Me søkte i høst om penger til nye postkasser, til dei 7 tur postane med bøker, frå Hjelmeland Sparebank sitt Gåvefond. Postkassene me har i dag har vore i bruk i øve 20 år, og me slit med at bøker blir våte og øydelagde av vær og vind. Derfor søkte me om midler til å ta ei skikkeleg oppgradering av postkassene slik at bøkene ligg tørre og trygge. Overrasking var derfor stor i kveld på damekvelden, då banksjefen dukka opp med ein gåvesjekk på 17 500kr til 7 nye postkassar. Me takkar særskilt Hjelmeland Sparebank og gåvefondet som nå gir oss moglegheiten til å oppgradera postkassane våre.
Siste damekveld for i år
I kveld hadde me siste damekveld for 2014. Me hadde beslk av Aina Fuglestein som hadde eit foredrag om trening og kosthald.
Les og sjå bilder frå kvelden her