Nytt pendlartilbod frå Nesvik
Tilbodet gjeld for morgonfuglar: Hurtigbåt frå Nesvik kl 05.20
KOLUMBUS SKRIV: Nytt pendlertilbud fra Hjemleland, Ølesund, Sandanger og Fister: Hurtigbåten starter på Nesvik kl. 05.20, går via Hjemleland, Ølesund, Sandanger, Fister og Fisterøyene, før den ankommer Judaberg kl. 06.15. På Judaberg er det båtbytte, og hurtigbåten ankommer Stavanger kl. 07.05. Dette innebærer at det vil være mulig å pendle fra Hjelmeland kommune og være på arbeid på Forus før kl. 08.00.
Vellykka nyttårsfest
Jøsneset Bygdaråd - bulystgruppa - inviterte heile bygda til felles nyttårsfeiring tidlegare i haust. Det meldte seg ein god del interesserte og det blei nedsett ein frivillig komitè som koordinerte og ordna til. Kvelden kom og over 50 stk strøyma på med kvar sine fantastiske matfat. Det blei ein herlig og koseleg kveld både for små og store - og vil nok gå inn i historia som den kvelden med herligast mat, deiligaste dessertar og nydeligaste kaker :-)
Friluftslivets år 2015 blir åpna i Kogekjellå på Foss, Jøsneset med eit skikkeleg iskaldt bad i elva !!! Tysdag 13. jan kl 18.00 - det er den offisielle opningsdagen rundt om i heile Norge - me startar først med ein liten oppvarmingstur til HÅVEHAMMAR, deretter bad i Kogekjellå og så gloheit viltsuppe frå bålpanna. Alle velkommen - anten du vil bade eller ei ! Arr: Hjelmeland Turlag/Kogekjellås Badevenner og Jøsneset Bygdaråd Bulystgruppa
Bordet er dekka.....
.....salen er varm og ferdig pynta, lysa står klar til å tennast, buffetbordet ventar på gode rettar.....Alt er klart til årets felles nyttårsfest. Startar kl 19.00
Julesnø !
Jippi - fine forhold for ski og akebrett!! Her er familien Westersjø på veg mot Fosstemmen med ski, kjelke og akebrett. Snøen auka på jo lengre opp ein kom, så det blei tyngre og tyngre å trakka spor. Men snøen er laus og lett og finfin til å renne nedatt i.
Fossåfruenes Julebad
Kva bedre kan me ønskje GOD JUL med enn Fossåfruenes Julebad !! Me lurer på om det var mangel på kulp som førte til denne løysinga, ....og avanserte de til Ombofjorden etterpå ?? Herlig ! Jøsneset er plassen for "galne geiter" som desse fruene . Det love godt for NYTTÅRSBADET i Skiftustranda