Vårlig torsdags-trim
Det er til tider travelt å bu på Jøsneset, og i kveld er det som vanlig trim i gymsalen klokka 19.30 i regi av Helselaget.
Me driv ulike former for styrke- og kondisjonstrening, og dette passer for alle - uansett alder, form og størrelse! Det krev ingen forkunnskaper, og du treng ikkje anna utstyr enn treningstøy, joggesko og ei vannflaske.
Velkommen!
Brettspeling
Melding frå brettspelarane i Trivselstova : "Endra tidspunkt på spillkvelden, me har pleid å hatt på torsdager. Framøve blir det kvar Tirsdag, frå 18.00 - 19.00. Arr: Madelen Langvik, Kristiane Westersjø, Tania Auglend"
Stor skilt-dugnad
Me har tidligare skrive om arbeidet med å samle inn stadnamn på Jøsneset, les om dette her. No skal namna fresast på fine treskilt og plasserast på sine rette plassar rundt i bygda. Bygdarådet inviterer deg til å bli med på skiltproduksjonen!
LOGOKONKURRANSE
LES MEIR OM KONKURRANSEREGLAR OG FLOTT PREMIE TIL VINNAR !
Damekveld
Jøsneset Helselag minner om Damekveld i Trivselsstova onsdag 30. mars klokka 19.30
velkommen
Godt besøk på Brynå
Det meldes om godt besøk på turposten Brynå i påsken - over 80 stk har skrive seg inn i boka frå palmelørdag til 2.påskedag. Er det nokon av dei andre turpostane i bygda som "slår den" mon?