Fredag 16 januar skal Ungdomslaget ha styremøte.

Då blir det mellom anna planlegging av årsmøte, som nok blir litt halde i februar ein gong.
Oppmøtet på årsmøtet til Ungdomslaget har dei seinare åra vore relativt laber. Dette skuldast kanskje delvis at vårt årsmøte blir avhalde ein helgedag - dette spesielt fordi vekependlane ungdom skal ha høvet til å stille. Me tek gjerne i mot tips på korleis me kan gjere årsmøtet meir "attraktivt" for fleire, slik at fleire får lyst/høve å stille - for me vil svært gjerne ha større engasjement/medverknad kring styret sitt arbeid.

Det er altså òg snart tid for valg av nye styremedlemmer. Nesten heile det sitjande styret "står på valg".

Valkomitee for Ungdomslaget består i år av Cesilie Wåland, Henrik Nesvik og Anita Skiftun. Folk kan alt nå ta kontakt med desse for forslag til nye styremedlemmer for 2009.

Andre innspel til Ungdomslaget kan sendast på e-post til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.  eller SMS til Svanhild 97 00 76 36, eller ta kontakt direkteSmile

Det vil elles bli sendt ut meir/skikkeleg informasjon om årsmøtet når dato er fastsett.

Styret i JUL

 

Facebook