21 oktober var det årleg FN-kafè med basar på skulen. Det var relativt godt frammøte, sjølv om ein god del foreldre var forhindra å kome då arrangementer var midt i arbeidstida frå 11- 12.30. Men kjekkt at mange besteforeldre og andre bygdefolk fann turen hit denne dagen.

Loddsalget gjekk godt - overskotet  5 500,- går til skulen sitt adoptivbarn i Equador + at barnehagen solgte varer til inntekt for FORUT.

Barna i barnehage og skule stod for underhaldning frå scenen, og det var òg dei som stod for utlodninga av basargevinstar. Mange fine gevinstar blei spreidd ut til store og små i bygda.  Takk for gode kaker, vafler, saft og kaffeKiss

FaceBook
Facebook