Kl 00.38 natt til onsdag 22. desember - ca 15 timar etter fullmåne med total måneformørkelse - inntreffer vintersolverv.

Frå nå av vil det
langsomt gå mot lysare tiderSmile 

Men "snur" eigentleg sola?

 

 

 

 

 

 

 

Nei, det gjer den sjølvsagt ikkje - det er berre ein talemåte. Men dette er tidspunktet ein gong i året då sola står på sitt lågaste over horisonten, og vår nordlege halvkule heller lengst bort frå sola. Dagen 21.desember er difor dagen med den kortaste daglengde.

primstaven er denne dagen merka med ei sol. Mykje overtru er knytt til denne dagen. Td skulle ein ikkje arbeide med noko som gjekk rundt, og heller ikkje bakeSurprised. Og juleølet skulle vere ferdig før denne dagen så det ikkje gjekk "verv" i det.

Ingen i distriktet fekk sjå måneformørkelsen 21 desember, då det var overskya og snøbyger.  Den lengste dagen i året blei altså ein mørk dag då verken sol eller måne viste.

MEN: då kvelden kom, sprakk skylaget opp i minus 6 og fullmånen glitra over ei kvit og snødekka bygd: snakk om julestemning !!

Ta på deg lue og gode sko, og gå ut å nyt det: stjernehimmelen er på sitt vakraste nå midtvinters.

 

FaceBook
Facebook