Jøsneset Ungdomslag vil med dette takke for pengegåver som me har mottatt  - sjølv nå eit år etter  "kronerullinga" for sceneutstyr, har me mottatt pengegåve. Dette syns me er imponerande !! Og det stimulerar til vidare frivillig arbeid for trivsel i bygda.

Me skal sørge for at det ikkje "gror spindelvev" på bidraga ; me syns det er kjekkt å skape noko, så me er innstilt på å bidra til fleire fellestiltak og arrangementer i framtida.


Takk òg til alle som stilde "mannsterkt" opp på påskefest/revy. Òg det ga eit fint overskot, som igjen vil kome bygda til gode ein dagKiss.

Elles mottok kr 5000 i kulturtilskot frå kommunen nå i mars - så takk òg der.

Totalt sett betyr dette at me "er på veg opp att" økonomisk, etter dei store utgiftene ila siste året.


....og ps:
me syns det er knallkjekkt viss du blir medlem: kun kr 100 pr år.
Kontonr  3353 22 24646, hugs å oppgi namnet ditt.

Styret i Ungdomslaget er nå som følgjer:

- Anne Hjorteland, leiar
- Ola Skiftun, nestleiar,
- Sven Westersjø, kasserar
- Svanhild H Gbada, sekretær
- Maria Brandal, styremedlem.

Ta gjerne kontakt på Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. om du har tips/idèar til arrangmenter el.a.

 

FaceBook
Facebook