Illustrasjonsfoto TeamElgTirsdag o2.o2 var første korøving for det nyoppstarta, felleskoret mellom Jøsenfjordbygda og Jøsnesbygda.

 


12 friske, glade damer møtte opp .....men kor var mennene ?? Det spørsmålet hadde me derimot ikkje tid å dvele lenge ved (berre håpar ein og anna mann har lyst å bli med ein gong), men sette heller i gong å synge i dur og i mollKiss.

 
Her var det stor sangglede og stor variasjon i utvalget av songar: "Hit the road Jack", "Månemannen", "The shoop shoop song" og den passande songen i desse snøtunge tider av Anne Grete Preus som heiter "Når himmelen faller ned"......og ikkje minst "Korsangersyklusen" . Ikkje alt var like lett, men jammen var det GØY, og Turid og Elsa geleida oss flott gjennom songane.

Bli med du òg vel !! Neste øving er i Jøsenfjorden skule  tirsdag 16 februar kl 20.00
(koret øver altså annakvar tirsdag, og annakvar gong Jøsenfjorden og Jøsneset).

KORET TRENG EIT NAMN !!

KOM MED FORSLAG !!
Send ein SMS til 97 00 76 36.
Vinnar av beste forslag får ein gratis-konsert med koret (kanskje ein vakker dag:-))

Her er forslaga hittil :
"JøsenKORneset"
"Fjordaskrål"
"Fjordakor"
"Fjordaljom"
"Godlyd"
"Korinesogfjord"
"Korny"
"Jøsenkor"
"Kosekoret"
"Kor-i- fjorden"
"Kor-e-an" ? (den manglande mannen,altsåKiss
"Kor-løye"
"Nordsiåkoret"
"Kor-i-holverå"
"Kor-e-blu(e)sen?"
"Kornelia" (på Jørpeland har de forøvrig eit kor så heiter Kornelius)

 

FaceBook
Facebook