17.mai 2020 kjem til å gå inn i historiebøkene som vår tids mest speseille nasjonaldagfeiring. Bygda vår er lita og me er få. Likevel vel me òg her sosial distanse og svært alternativ feiring pga korona. Men me håpar alle "blir med oss" inn i denne vakre dagen, og følgjer oss på to direktesendingar på JØSNESET SI OPNE FACEBOOKSIDE - og ellers har me gjort klar uteaktivitetar i bygda og her på nettsida for dagen. 
Dagen startar med DIREKTESENDIG FRÅ NESVIK kl 11.30 - Tale for dagen med Malena Altamirano.  Der får de òg info om dagens program.

Premieutdelinga  skjer òg som DIREKTESENDING FRÅ TRIVSELSTOVA kl 18.30

Mellom direktesendingane kan de ta ein luftetur og vere med på vår natursti og spørsmål rundt om i bygda, eller vere med på foto/video-konkurranse De kan òg sitje heime i godstsolen og delta på vår Jøsnes-quiss. Den blir lagt ut her på nettsida 17.mai 

Her kan de lese heile PROGRAM FOR 17. MAI JØSNESET 2020

 All grunn til å pynte huset, deg sjøl og katten - og heise flagget til topps ! Ha ei fin nasjonaldagfeiring !

 

FaceBook
Facebook