I små bygder er det kjekt å glede seg over dei små ting laughing Det "drypp"ut med lokale stadnamnskilt i terrenget !  Denne gongen er det Austadsvingen som er blitt pryda med sitt eige skilt.  Ja, du veit vel at Austadsvingen er første svingen på veg opp den bratte, svingete vegen mot Åsland. Og går du eit par hundre meter lengre opp, så ser du eit skilt som det står GEITABERGET på - så då veit du kor det òg er !  Kjekt, ikkje sant !  Og kvar sving oppover mot Åsland har sitt namn, og små ekrer og haugar har òg namn.  Namna har me, men skilta er ikkje  lagd. Har du lyst å frese dei ut ? Alt utstyr ligg klar på sløydsalen for den som har lyst å gyve laus ! Kontakt Svanhild på97 00 76 36 i såfall !

foto og skiltmontør: Kåre Nesvik

FaceBook
Facebook