Årsmelding 2015
for Jøsneset bedehus

 

 

Styret har hatt eitt styremøte.

Påskebasaren vart halden onsdag 1. april. Sokneprest Sigrunn Hagen Arnesen skulle halda andakt, men måtte melda avbod i siste liten på grunn av sjukdom. Frammøtet var godt, og det økonomiske overskotet likeeins. Påskebasaren skaffar framleis mest inntekter til huset. I tillegg får vi ein del i leigeinntekter i form av utleige av salen til kyrkjeleg bruk ved gravferder og kjellaren til minnestund samt utleige av stolar og bord.

Det er dette året montert eit nytt utelys og kjøpt ny varmeomn til kjøkkenet.

Det har vore ei gravferd i huset dette året. Huset har vore brukt til basar og til fleire kristelege møte.

Reingjering av huset vert gjort på dugnad av folk i styret.

Styret har hatt denne samansetjinga:
Trygve Brandal (IM)  Leiar
Kornelius Nesvik (NMS)  Nestleiar
Richard Jensen (NMS)  Kasserar
Johanne Bog  (IM)  Sekretær
Gjerd Skiftun  (IM)
Tordis Nesvik  (NMS)

Birger Jørmeland, Hjelmeland er revisor.

 

 


25.1. 2016. 

Trygve Brandal
styreleiar

FaceBook
Facebook