Ta fotoapparatet fatt og "skyt" laus - kanskje nettopp ditt bilde blir kåra til ÅRETS SOMMARFOTO FRÅ JØSNESET !!!

Me håpar jo på skyfri himmel, luftige svev og herlige badetemperaturar - slik som på dette bildet som vant vår fotokonkurransen for nokre år sidan. Men regnværsdagar og mørke skyer kan òg gi fine motiv.  Ta bilde av kva som helst; fiskefangsten, teltturen, terassekosen, godmaten, kosedyret, sommarantrekket.....ja, kva som helst så lenge det er relatert til JØSNESET og SOMMAR !!!

 

 

Jury for fotokonkurransen er Jøsneset Ungdomslag, som òg i år slår til med ein feiande flott fotorelatert premie til vinnaren !!! Send dine bilder til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. - fram til 1.sept Smile. Alle bilder vil bli lagt ut her på nettsida, og me reknar med at fotograf har avklart publisering med ev personar på bildet.

Foto: Lene Hjorteland av Jone i svevet

FaceBook
Facebook