Gymsalen var fylt til randen av folk Påskeafta då Ungdomslaget og Revygjengen inviterte til REVY, FEST OG DANS. Det blei to forestillingar med tilsaman 250 besøkande; og me holdt det gåande i 9 timar til endes. Ikkje værst, folkens !!

Festkomiteen var lettare sjokkskadaWink, då påmeldinga ingen ende ville ta fredagkveld. Det kunne nok blitt nærare 300. Men desverre fekk ikkje alle plass. Tips til neste år: ver tidlegare ute med påmeldinga!!

Revyen er etterkvart blitt ein liten tradisjon her i bygda; men i fjor hadde me pause pga scenebygging. Det ser ut som scenebygginga var vel verdt kvar krone; for folk strøymde til det påskepynta lokalet og det er kjekkt å tilby god lyd, godt lys og ikkje minst god sikt.

Det heile starta med det nystarta vesle koret "KorLøye"; og ein svært så improvisert førstelåt "The Rose". Koret runda av sin vesle tosongars-oppvarmingskonsert med "The ShoupShoupSong" og det svinga ganske bra då:-)

Deretter fortsette det med to forestillingar av lokalrevyen "Så va det Hjort".  Dette var verkeleg lokalhumor; med harslering både av nettsida (god reklame, så takk for denWink), bygdefolk og bygdehendingar. Hjortar fekk me òg sjå, og Jøsnes-kviss blei det. Revygjengen har stått på desse påskedagane; og FLOTT at dei gir så raust av si fritid for å skape glede og latter til oss andre.

Her er nokre bilder frå revyen:
 
 
Her klekkes ein idè til nettsida........

.....og her blir den ført i pennen, til litt fortvilelse for ektemannen i senga:-)


 
Jøsnes-kviss : kven veit mest om Jøsnesbygda? Unhild frå Udladalen prøvde så godt hu kunne.

John Dear og Hjortasafari....


......og der kom hjortane!!
 
Ordføraren var imponert av alle innspela frå Jøsneset .........og me hadde òg sekkepipekonsert:-)
 
Ekte "by-kviger" i aksjon.....her sang.                              Unhild va adle star.
  
Thomas fekk applaus for sin gitarsolo......................og Jone stilde med eigenkomponert song.

Påskeharen kom òg på besøk til alle dei små. Her er det valgets kvaler i godteri-eggetSmile

TUSEN, TUSEN TAKK til revygjengen: Maria Brandal, Lene Hjorteland ,Lise Tjeltveit, Jone Hjorteland, Anita Skiftun, Ingunn Nesvik, Thomas Tjeltveit, Kåre Nesvik, Sven Westersjø, Marius Vasseng - og ikkje minst til gutane bak lyd og lys: Sondre Fosså (+film) og Jonas H Gbada. 

La oss håpe at Fosså Film har fått det heile på tape!!

Kvelden fortsatte med fest og dans med musikaren Josè Alberto Rosso i spissen. Han leverte proff vare i form av skikkeleg god dansemusikk, og ein gladlynt og feststemt festgjeng svinga seg godt heile kvelden.

Proff vare leverte òg Siranees Thaimat; som solgte deilige thairettar frå vogna si utanfor heile kvelden.

Arrangementet gjekk HEILT knirkefritt frå ende til annen - kun blide påskegjester å spore!!!

Ein god festkomitè med Anne Hjorteland og Ola Skiftun i spissen gjorde jobben, og etter 11 timar innsats kunne komitèen tusla glade heim utpå natta. Arrangementet ga eit godt overskot i kassen til Ungdomslaget - slikt inspirerar til meir investering for Jøsnesbygda !!

Eit ekte godt Jøsnes-arrangement i god "dugnadsånd"
TAKK til alle som bidrog - ikkje minst frivillige til rydding dagen etterpå !!!

FaceBook
Facebook