Nok eit stort dugnadsprosjekt er fullført på Jøsneset - nå BALLBINGEN !!!
images/JUL/Bilder/ball5.jpg

Arbeidet har pågått nokre veker nå - med full intensivering av arbeidet nå denne helga 8-10 mai.  Torsdagskveld og fredag ettermiddag blei steinstøvet finfordelt og komprimert - ein nøyaktig og viktig del av jobben. Laurdag blei kunstgraset rulla ut og dei tre montørane frå Kristiansand kom. Dei var flinke til å dirigere monteringsjobben; og boring, drilling og skruing gjekk unna som berre det. Men jammen var det mange skruarTongue out.......nesten som ein kjempediger IKEA-pakke var det som skulle skrus på plass. Men alt klaffa greitt og alle delene var med i pakken.  

Arbeidet pågjekk til kl 21 lørd kveld, og kl 9 søndag morgon var arbeidsgjengen på plass igjen - meir boring, drilling og skruing. Og liming ......ja, det var ein del av jobben som krevde minst 1/2 time tørt oppholdsvær - det blei jo ei utfording då bøyene stod i kø heile dagen. Men ca kl 17 var bingen klar !

Ein kjempejobb er fullført- både av dei vaksne i bygda som stilte opp 
- og ikkje minst "gutta-boys"-gjengen !
Fantastisk arbeidsinnsats ! Me er stolte av dokke !
GRATLA !

images/JUL/Bilder/ball1.jpg images/JUL/Bilder/ball2.jpg

images/JUL/Bilder/ball4.jpg  images/JUL/Bilder/ball3.jpg

Og endelig stod den klar !Smile
Gutta-gjengen var kun heime og heiv av seg kjeladressane og på med fotballskoa !
For ein energi!
Kjempegøy å teste anlegget !!

images/JUL/Bilder/ball6.jpg

 

FaceBook
Facebook