Me jobbar med avslutningsfesten for Jøsneset skule som blir 13.juni, og ber om foto og videosnuttar med "mitt skuleminne". Her er to nydelege foto innsendt av Svein Hauge - me vil gjerne ha hjelp med namna på alle dei flotte småskulelevane med dei fantastiske strikkagensrane.Wink

Også på denne tida var kyrne på Bøen gode naboar til skulenSmile....òg her ber me om namn på elevane i den flotte elevflokken, og årstal for bildet: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Me vil gjerne ha foto frå deg òg ! Send oss skulebilder til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

Me ber òg om små videosnuttar med "Mitt skuleminne" - slik som denne frå Kari Loland - før Mæland. Ho byrja på Jøsneset skule i 1933, og er nå 87 år - og har mange gode minne frå skuletida. Her får du høyre nokre av minna:

.be">
.be
 

 

Jarle Tednes er av yngre årgang, men har òg sine gode minne frå skuletida. Høyr berre:

Me ønsker fleire slike minnevideoar !!! Som de ser; dette er ikkje avansert og de treng ikkje vere lange. Men veldig kjekt med bidrag frå fleire i ulike alderstrinn og gjerne frå ulike stader i landet. Fram med smart-telefonen og del eitt av nettopp dine minne frå Jøsneset skule!! Videosnutten kan sendast til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Me treng òg gamle foto; slik som dette som me har fått frå Olga Hjorteland:

Tenk at denne flotte gjengen var skuleelevar på Jøsneset skule på slutten av 40-talet !! Me ønskjer bidrag òg frå denne generasjonen: kanskje ein av dykk vil sende oss ei helsing? eit foto? eller kome på festen!
Her finn du kontaktinfo og meir om avslutningsfesten for Jøsneset skule
Foto sendast til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

FaceBook
Facebook