Datoane for strikkekveldane i haust er: 

25 september kl. 19.00 køyrer vi saman til Sand og besøker strikkebutikken der. Ragnild Roaldkvam åpnar ekstra for oss og vi satsar på ein koseleg kveld der, medan vi får med oss siste nytt innan strikkefronten. Vi fyller opp bilane våre i Skiftunkrossen og køyrer saman. OBS Merk tida! Vi køyrer kl. 19!

30 oktober kl. 20.00 Omvisning på Mikals laks. Astrid Viga vil vise oss fabrikken og vi tek kaffi og drøs hjå dei etter omvisninga. OBS! Hugs å møte opp på Mikal's laks denne gong.

27 november kl. 20.00 i Trivselståvå. Tema er advent, ein kan lage adventspynten sin her, vi drikk gløgg og et mandariner og pepparkaker. Vi håper på besøk frå blomsterhjørna med nokre tips til adventspynten.

Alle er velkomne til strikkekveldar anten du strikker eller ikkje. Dette skal vere uformelt drøs og ein kopp kaffi til!

Facebook