Mandag 5. juli hadde folk i hytter og hus, frå alle krikar og krokar i bygda, gått krokrygga over plen, grøfter og vegar for å samla inn brune, slimete kryp

Om lag tjue personar frå Knutsvik, Nesvik, Skiftun, Foss, Ingesdal, Fosså og Austad hadde samla hundrevis av dei ufyselege storspisarane i bøtter og spann. Dei fekk seg eit forfriskande bad i Nemaslug-blandinga, for så å bli plasserte ut som dødbringande lokkemat for sine umettelege artsfrender.

Etter eit par dagar kjem det no oppmuntrande meldingar om at antalet sneglar er på retur!

Fleire av dei frammøtte bidrog med nokre kroner til eit "snegle-fond". Desse pengane brukar me på ein ny runde Nemaslug tidlig i haust, og ein ny aksjon tidleg på våren 2013.

Takk til alle som møtte opp!

FaceBook
Facebook