Styret i helselaget har for tida ein runde igjen der vi diskuterer premieringa på turstiane. Tidlegare var det loddtrekning og heilt tilfeldig kven som vann ein liten premie på årsmøtet (klart at sjansen auka jo dersom ein gjekk fleire gonger, likt som om ein tek mange lodd på basaren). Så var det etterspurt at det skulle bli premiering av den som gjekk flest gonger, og no har vi hatt det slik dei siste to åra. Det kan jo bli litt konkurranse på denne måten. Bakdelen er at mange kanskje fell av litt fort og dermed er det berre nokre få som held motivasjonen gjennom året på denne måten.

Spørsmålet no er om vi skal endre måten å premiere turstiane i 2012. Som sagt har styret hatt ein runde på dette no i september, men vi vil ta opp att denne saka på neste styremøte. Vi har diskutert ulike måtar å få til poengsystem på, men då dette er frivillig arbeid, må vi helst ha noko som er lett å administrere og. I høve at vi skal bestemme oss for anten å behalde eller velge ny måte å premiere på, så ynskjer vi innspel frå folk som nyttar turstiane.

Spørsmålet er: Kva motiverar deg? Korleis kan vi motivera flest mogleg til å gå tur? Alle tips mottas med takk på mail: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller sms/telefon til Ingeborg 92850297

FaceBook
Facebook